Hedalen stavkirke
Hedalen stavkirke er fra ca. 1163. I gammel tid var det en kirke der en ga gaver i bønn om, eller med takk for, hjelp. I 1699 ble kirken bygd om til korskirke i laftet tømmer. Hoveddøren mot vest har en portal med drake- og rankeornamentikk fra sist på 1100-tallet. Døren har smijern fra mellomalderen, og i svalgangen finnes flere runeinnskrifter.
Framme ved koret står et relikvieskrin. Skrinet er av tre fra 1250 med forgylt kobber. Den originale båren til skrinet er tatt vare på, den eneste i sitt slag. Kirken har også en Maria-skulptur, Hedalsmadonnaen, fra midten av 1200-talet. Figuren er et av de fineste kunstverk fra norsk mellomalder. Altertavlen er gotisk, og krusifikset på alterskapet er fra 1260-1280. En kirkemodell som opprinnelig hører sammen med altarskapet, står ved koret. Denne har et kvinnehode på toppen av hovedtårnet. Døpefonten i romansk stil er av kleber, med lokk fra ca. 1250. Røkelseskaret er fra ca. 1200, og kysseplaten fra ca. 1200-1250. I sakristiet henger et bjørneskinn knyttet til et sagn om at Hedalen var helt avfolket etter Svartedauden. Sagnet sier at en skytter fant igjen kirken i skogen.
Teksten henta frå www.hedalen.no
Messeklokka - Sacntusklokka
Då reformasjonen kom, skulle sjølvsagt alt av katolsk utstyr og katolske skikkar kastast ut or kyrkjene. Men me veit at praksisen var at mange skikkar overlevde reformasjonen, og var bruk heilt opp til våre dagar. Det som skjedde var gjerne at skikkane fekk andre teologiske grunngjevingar, og at den liturgiske bruken av gjenstandar vart endra.
I Hedalen finst framleis svært mykje av det katolske inventaret - alterskåpet, madonnaen, relikviskrinet og båra som skrinet vart bore på, røykjelseskar og messeklokka.
Messeklokkene vart vanleg i kyrkjene utover 1200-talet. Desse klokkene var gjerne små handklokker som presten ringde med ved altaret. Særleg ringde klokkene i høve transformasjonen av brød og vin - då det skulle bli til Jesu lekam og blod. Difor kallast dei gjerne Sanctusklokker, sidan Sanctus (Hellig), er namnet på eit ledd i nattverdsliturgien. Desse klokkene vart gjerne ringt med når graver vart grave - dei måtte rensast for vonde makter. Klokkene kunne brukast i prosesjonar og ute hjå sjuke og døyande.
Me veit at messeklokka i Hedalen ved fleire høve vart ringt for å få folk utatt or berget - folk som var bergtekne. Klokka vart også ringt med etter at Storofsen i juli 1789 førde til eit stor ras som tok livet av 9 folk. Då vart klokka teke med ut til Mansetre, der raset hadde gått. Dei ringde og vigsla staden der folka var vorte gravlagt. Etter reformasjonen fekk gjerne desse små messeklokkene andre funksjonar. Me høyrer ofte om at klokkene ringde når presten gjekk på preikestolen.
Største klokka i tårnet
Mellomaldarklokka i tårnet kan truleg vera frå midten av 1100-talet. Og stemmer det, er den i frå kyrkja si fyrste tid. Klokka er lita, ca 45 cm i diameter, 56 cm høg, inkl. krone. Klokka har ikkje originalt oppheng.
Klokka har både visuelt og overtonemessig svært mykje likheiter med mellomaldarklokka i tårnet i Bruflat kyrkje. Såpass mykje at ein kanskje kan tenkje seg sama klokkestøypar?
Den minste klokka i tårnet
Einaste innskrift er: "FECIT AMSTELODAMI 1718".
Ut ifrå skrivemåten, og klokka si rippe - fasong, og ornament, kan det tyde på at klokkestøyparen er Jahn Albert de Grave frå Amsterdam. Han har støypt to klokker til Vang kyrkje i 1724.
Her kan du sjå ein video frå båe desse tårnklokkene ringe.
Opptaket er gjort under eit ringekurs 18. november 2018.
Stupulen
Kyrkja har truleg hatt stupul frå den tidlegaste tida av. I innventarlistene frå 1675 får me fyrste gong høyre om at det heng éi klokke der. Men i 1704 står det å lesa at det er to nokså store klokker i stupulen. Det er då mest sannsynlag at den eine av dei er 1300-talsklokka. Den andre klokka kan vera den som Christopher Blix Hammer (1720-1804) har skrive om. Ei klokke som skulle vera støypt i 1669 eller 1665. Klokka var støypt av Henrick ter Hors frå Denever i Nederland. Kan klokka ha vorte kjøpt brukt, og vorte hengt i stupulen mellom 1675 og 1704?
Største klokka i stupulen
Den har ei innskrift: + NICHOL•AVSANGELVSMEFECIT. (NICHOLAVS ANGELVS ME FECIT). Betyr det som nokon har oversett det til: Nicholaus engelskmann gjorde meg? Det fantes faktisk ein engelsk klokkestøypar på denne tida som heitte Nicholaus. Men om han leverte klokker hit til Valdres veit me ikkje noko om. Ut ifrå klanganalyser på klokka, er det heilt tydeleg at støyparen har visst kva han har drive med. Klangen er på høgde med dåtida sine ideal. Men bokstavane og skrivemåten er meir slurvete. Nokon bokstavar store, og nokon små. Om me samanliknar to bokstavar av sama type, er dei absolutt ikkje like. Det tyder på at bokstavane er laga på frihand. Dei er laga av samanrulla vokstrådar.
På 1300-talet var det vorte vanleg at ein anten støypte bokstavar i tre- eller steinformer, og så la dei på klokkeforma (enkelt fortalt.). Slike bokstavar er det altså ikkje på denne klokka. Det er svært få mellomaldarklokker her i landet som har bokstavane laga på denne måten.
Om me går til oversetjinga av innskrifta, så skal det altså vera ein engelskmann som laga klokka. Og i Sussex i England fantes det på denne tida ein klokkestøypar som heitte Nicholas. Om han leverte klokker til Noreg har me ikkje belegg for, anna enn at me veit at det var handelsforbindelsar mellom England og Noreg på den tida. Så, kan det altså vera Nicholaus le Rous frå Sussex som laga klokka? Det einaste ein veit sikkert om denne Nicholaus er at han døydde i 1361.
Skal me spikulere litt meir, kan me undrast over om klokka vart støypt i England, og så frakta til Hedalen, eller om klokkestøyparen var omreisande, og støypte klokka på staden. Klokka ber absolutt preg av å vera støypt av ein svært kunnig klokkestøypar. Ho er forma med ein sjablon, og ikkje på frihand. Tonestrukturen tilseier også at klokkestøyparen var kunnig. Men så var det desse bokstavana att. Nicholaus la Rous bruke bokstavar laga i former. Så, om klokka kjem frå hans støyperi er det merkeleg at bokstavane vart så primitive. Kunne klokkestøyparen ha teke med seg ein del sjablonar, og lagt ut på reise, for så å støype klokker i nærleiken av kyrkjene dei skulle henge? Gløymde han att bokstavformene sine heime, eller tok han ikkje bryet med å ta med seg dei også - tenkte han at Hedølene kunne greie seg med noko håndlaga greier?
Minste klokka i stupueln
Det finst ei forteljing om at den gamle ringaren var vorte sjuk, og ein vikar måtte inn. Det var Amund Flaten som fekk jobben. Han var stor og sterk, og ringde med alle krefter. Ein bjelke knakk, og klokka ramla ned og vart knust. Han samla saman bitane og fekk frakta dei til klokkestøyperiet. Seinare henta han den «nye» klokka heimatt. Om denne historia er sann, kan det truleg vera den nederlandske klokka frå 1665/1669 som rauk, og at dette må ha skjedd kring 1821 då den nyaste klokka kom.
For den nye klokka som kom i 1821 var støypt av Mathias K. Søberg i Vardal. Klokka har fylgjande innskrift: STØBT AF M K SØBERG AAR 1821.